Sport

    Draumekveld for Sørloth – braut 20 års forbanning
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 8, 2026 KL:22:55)
    Atletico Madrid vann for første gang på 20 år mot Barcelona på Camp Nou. Scoringar av Julian Alvarez og Alexander Sørloth sørga for 2-0-siger og eit solid utgangspunkt før returmøtet i Madrid i neste veke. Atletico tok leinga like før pause etter ei nydeleg scoring av Alvarez. – For eit kunstverk. Det kan ikkje gjerast betre, ropte TV 2-kommentator Jesper Mathisen. Argentinaren bøygde ballen over muren frå 25 meter og i krysset i den første kvartfinalen i Meisterligaen. Opptakta til målet kom ikkje utan dramatikk. Julian Alvarez spelte fram lagkamerat Giuliano Simeone som blei felt som sistemann av Barcelona-forsvarar Pau Cubarsí. Dommaren trakk først opp det gule kortet. Men etter å ha sjekka på VAR-skjermen blei kortet omgjort til raudt. Dermed var heimelaget blitt ti mann. Og på det etterfølgande frisparket kom kalddusjen frå Alvarez sitt høgrebein. Etter kvarteret i andre omgang blei Alexander Sørloth bytta inn. Ti minutt seinare fiksa han 2-0 til bortelaget. Nordmannen var nådelaus i feltet og breisida ballen i nettet på volley med venstrebeinet. Ein nydeleg prestasjon av Noregs landslagsspiss.

Ord sky bassert på artikkel: 1082335
Draumekveld - Sørloth - forbanning - Atletico - Barcelona - Scoringar - Alvarez - Alexander - utgangspunkt - returmøtet - nydeleg - scoring - kunstverk - gjerast - kommentator - Mathisen - Argentinaren - krysset - kvartfinalen - Meisterligaen - Opptakta - dramatikk - lagkamerat - Giuliano - Simeone - sistemann - forsvarar - Cubarsí - Dommaren - skjermen - omgjort - heimelaget - etterfølgande - frisparket - kalddusjen - høgrebein - kvarteret - seinare - bortelaget - Nordmannen - nådelaus - breisida - venstrebeinet - prestasjon - landslagsspiss -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »