Sport

    Historisk siger til Uno-X-ryttar i Giro d`Italia
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (søndag 24. mai 2026 KL:17.06)
    Uno-X-ryttar Fredrik Dversnes Lavik kjempa seg inn til siger på den 15. etappen av i Giro d`Italia. Det er 17 år sidan sist ein nordmann tok ein etappesiger i rittet. – Eg fekk supergod hjelp frå gutane bak. Eg trudde eg hadde gode sjansar. Eg er ganske god i brot. Dette var min sjanse, seier Lavik til arrangøren på Eurosport si sending. Då det var rundt 14 mil att av etappen hamna Lavik i eit firemannsbrot i lag med Martin Marcellusi, Mattia Bais og Micro Maestri. Hovudfeltet hadde under eitt minutt opp til leiargruppa då det var rundt fem kilometer att, men greidde aldri å hente brotet inn. I spurten var Lavik best. Og tok Uno-X sin første siger i Giroen. – Me har kjempa hardt i mange dagar. I dag fortente me dette, seier lagsjef Thor Hushovd til Eurosport etter målgang. Førre gong ein nordmann vann ein etappe i Giro d`Italia var 15. mai 2009, då Edvald Boasson-Hagen gjekk til topps på den 7. etappen. Lavik er den sjette nordmannen til å ta ein etappesiger i Grand Tour-rittet i Italia. Det er også første gong Uno-X er med i rittet.

Ord sky bassert på artikkel: 1093895
Historisk - d`Italia - Fredrik - Dversnes - etappen - nordmann - etappesiger - supergod - sjansar - arrangøren - Eurosport - sending - firemannsbrot - Marcellusi - Maestri - Hovudfeltet - leiargruppa - kilometer - greidde - spurten - fortente - lagsjef - Hushovd - målgang - Boasson - nordmannen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »