Sport

    Ingen norske dommarar i EM
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 20, 2022 KL:10:42)
    Uefa har utpeikt dommarteama til sommarens fotball-EM for kvinner. Noreg er ikkje representert blant dei 55 namna. EM skal i år spelast utelukkande med kvinner som hovud-, assistent- og fjerdedommarar. I VAR-rommet vil det vere flest menn, noko som skuldast at herredommarar har langt meir utdanning og erfaring innan videodømming. I alt har Det europeiske fotballforbundet (Uefa) valt ut 13 hovuddommarar, 25 assistentdommarar, 15 VAR-dommarar og to støttedommarar (fjerdedommarar) til meisterskapen i England. – Vi har hatt nokre tøffe val å ta, for no har vi ei veksande gruppe av høykvalitetsdommere å velje frå. Vi veit at alle dei utvalde dommarane har det som krevst for å levere trygg og korrekt dømming i sluttspelet, seier Uefas dommarsjef Roberto Rosetti. Alle dei utvalde dommarane er europearar med unntak av venezuelanske Emikar Calderas Barrera, som er inne gjennom eit samarbeid mellom Uefa og Sør-Amerikas fotballforbund, Conmebol.

Ord sky bassert på artikkel: 734044
dommarar - utpeikt - dommarteama - sommarens - fotball - kvinner - representert - spelast - utelukkande - assistent - fjerdedommarar - skuldast - herredommarar - utdanning - erfaring - videodømming - europeiske - fotballforbundet - hovuddommarar - assistentdommarar - støttedommarar - (fjerdedommarar) - meisterskapen - England - veksande - høykvalitetsdommere - utvalde - dommarane - korrekt - sluttspelet - dommarsjef - Roberto - Rosetti - europearar - venezuelanske - Calderas - Barrera - gjennom - samarbeid - Amerikas - Conmebol -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »