Sport

    Stabæk sekund frå siger over Brann
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, August 13, 2022 KL:18:59)
    Stabæk såg lenge ut til å bli det første laget som skulle slå Brann i Bergen i Toppserien denne sesongen, men Brann greidde å utlikne til 1-1 på ei kontroversiell scoring fire minutt på overtid. Iris Omarsdottir scora etter ein halv time i første omgang. Branns overtids-utlikning kom ved Maria Brochmann, som var sist på ballen i ei mølje etter corner. - Den scoringa burde ikkje blitt godkjend, sa Stabæks keeper Sunniva Skoglund til NRK. Brann kunne sikra seg sigeren i grunnserien og 6 poeng i sluttspelet med siger. Trass poengtapet er det likevel så godt som sikkert at Brann vinn grunnserien. Også Rosenborg og Vålerenga er sluttspelklare. Fire lag kjempar om den fjerde og siste sluttspelplassen, inkludert Stabæk. I det kontroversielle sluttspelet får dei fire laga med seg 6, 4, 2 og 0 poeng. Tidlegare denne veka varsla supporterklubbane i dei største Toppserie-klubbane at dei ikkje vil stille opp med organiserte aktivitetar på kampen i sluttspelet, i protest. – Lytt til supportarane, vi er ein ekstremt viktig del av fotballen, og vi vil ikkje ha det. Det er mange andre som ikkje vil ha det heller, ingen vil ha det, sa Gjert Moldestad frå Bataljonen då sluttspelet blei diskutert på NRK i pausen.

Ord sky bassert på artikkel: 763094
Toppserien - sesongen - greidde - utlikne - kontroversiell - scoring - overtid - Omarsdottir - overtids - utlikning - Brochmann - scoringa - godkjend - Stabæks - Sunniva - Skoglund - sigeren - grunnserien - sluttspelet - poengtapet - likevel - sikkert - Rosenborg - Vålerenga - sluttspelklare - kjempar - sluttspelplassen - inkludert - kontroversielle - Tidlegare - supporterklubbane - største - organiserte - aktivitetar - protest - supportarane - ekstremt - fotballen - Moldestad - Bataljonen - diskutert -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »