Sport

    Publikum sviktar handball-EM
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, November 11, 2022 KL:13:28)
    Publikum har til no vendt ryggen til handball-EM i den slovenske hovudstaden Ljubljana. Stemninga i Arena Stožice blir karakterisert som skral. I gruppespelkampane i Noregs pulje var det i snitt like over 1100 tilskodarar på plass. Og det i ein hall med kapasitet for nær 13.000. I hovudrunden kom det vel 4000 til Arena Stožice då vertsnasjon Slovenia slo Kroatia torsdag. – Det kan alltid bli betre, sjølvsagt kan det det. Vi hadde vore endå meir glade om alle kampar hadde vorte spelte framfor fulle tribunar, seier EHFs informasjonssjef Thomas Schöneich. Oppgjeret mellom Danmark og Ungarn drog ifølgje den offisielle kamprapporten 4126 tilskodarar. I realiteten var det langt færre tilskodarar på plass. Før kampen hadde Det europeiske handballforbundet (EHF) gitt bort gratisbillettar for at det ikkje skulle vere katastrofalt glissent på tilskodarplass. Det skriv dansk TV 2. Noreg speler kampar mot Sverige (laurdag), Slovenia (måndag) og Danmark (onsdag).

Ord sky bassert på artikkel: 781665
Publikum - sviktar - handball - slovenske - hovudstaden - Ljubljana - Stemninga - Stožice - karakterisert - gruppespelkampane - tilskodarar - kapasitet - hovudrunden - vertsnasjon - Slovenia - Kroatia - torsdag - sjølvsagt - framfor - tribunar - informasjonssjef - Schöneich - Oppgjeret - Danmark - ifølgje - offisielle - kamprapporten - realiteten - europeiske - handballforbundet - gratisbillettar - katastrofalt - glissent - tilskodarplass - Sverige - (laurdag) - (måndag) - (onsdag) -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »