Sport

    Innbrot hos England-stjerne under Sverige-kampen
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, July 28, 2022 KL:11:11)
    Under Sverige-kampen braut tjuvar seg inn i huset til den engelske fotballspelaren Georgia Stanway. Dei vart derimot stoppa av ein familiemedlem som var heime. Det skriv Aftonbladet, som har henta nyheita frå engelske The Sun. Medan den engelske 23-åringen førebudde seg til Sverige-kampen prøvde tre tjuvar å rane huset til Stanway. Dei hadde ein baktanke om at resten av familien var på plass i Sheffield for å sjå kampen. Og vart møtt av ei overrasking i det dei tok seg inn i huset. – Medan vi førebudde oss til EM-semifinalen fekk vi den nedslåande beskjeden om at huset vårt hadde vorte utsett for innbrot. Dei forventa at vi skulle vere borte, men heldigvis vart dei stoppa av ein familiemedlem som ikkje kunne dra på kampen, seier faren John til The Sun. Det skal ha vore to personar som heldt til i ein bil, medan ein tredje person i 20-årsalderen skal ha prøvd å bryte seg inn i huset, skriv Aftonbladet.

Ord sky bassert på artikkel: 759009
Innbrot - England - stjerne - Sverige - engelske - fotballspelaren - Georgia - Stanway - derimot - familiemedlem - Aftonbladet - nyheita - åringen - førebudde - baktanke - familien - Sheffield - overrasking - semifinalen - nedslåande - beskjeden - innbrot - forventa - heldigvis - personar - årsalderen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »