Sport

    Trekkjer seg som sponsor om Russland får delta
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, September 23, 2022 KL:17:23)
    Coop, ein av hovudsponsorane til Det internasjonale Skiforbundet (FIS), seier at dei trekkjer seg ut om FIS opnar for russisk deltaking kommande sesong. Det var torsdag det blei kjent at FIS-topp Michelle Vion opnar for ein retur for russiske og belarusiske utøvarar i verdscupen denne vinteren. Det liker Coops kommunikasjonsdirektør Bjørn Takle Friis svært dårleg. Han er klar i talen i eit intervju med Adresseavisen: Coop er storsponsor for verdscupen i langrenn. – Vi forventar at FIS snarast mogeleg avkreftar at det er aktuelt, seier Takle Friis til Adresseavisen. – Vi trur nesten ikkje at fråsegnene er sanne, seier Takle Riis, Han bekreftar at dei har vore i direkte kontakt med FIS om saka. Dersom dei ikkje blir lytta til, blir det umogeleg for dei å halde fram som sponsor – Vi har snakka med FIS og sagt kva vi meiner. Det er helt uaktuelt å akseptere dette, og dersom vi ikkje blir høyrt, betyr det at vi ikkje kan halde fram som sponsor, seier Bjørn Takle Friis.

Ord sky bassert på artikkel: 768221
Trekkjer - sponsor - Russland - hovudsponsorane - internasjonale - Skiforbundet - trekkjer - russisk - deltaking - kommande - torsdag - Michelle - russiske - belarusiske - utøvarar - verdscupen - vinteren - kommunikasjonsdirektør - intervju - Adresseavisen - storsponsor - langrenn - forventar - snarast - mogeleg - avkreftar - aktuelt - fråsegnene - bekreftar - direkte - kontakt - umogeleg - uaktuelt - akseptere -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »