Sport

Liten annonse
    Ingen skiflyging for Riiber
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 5. mai 2023 KL:21.02)
    Jarl Magnus Riiber og resten av kombinertherrane får ikkje lov og fly på ski neste sesong. FIS har ikkje klart å finne ein vertsnasjon til å ta på seg skiflygingskonkurransen. Det stadfestar Edgar Fossheim, som er Noreg sin representant for kombinert, på Det internasjonale ski- og snowboardforbundets (FIS) kalenderkonferanse i Dubrovnik. Jarl Magnus Riiber seier til NRK at han er skuffa, men ikkje overraska over resultatet. – Eg trur skiflyging hadde vore bra. Vi treng sårt nokon småting som kan sprite opp. Det hadde hjelpt for å setje oss litt meir på kartet. I staden blir det innført eit nytt konsept som har fått namnet «individuell kompakt». Her er avstanden løparane går ut med i langrennet avgjort på førehand. Vinn du hopprennet startar du uansett seks sekund føre nummer to, tolv sekund føre nummer tre og så vidare. Alle løparar i feltet går ut innanfor 1,5 minutt. Riiber har tidlegare vore kritisk til det nye konseptet, som han meiner vil gjere hoppdelen i kombinert mindre viktig. Forslaget om å auke langrennsdistansen frå 5 og 10 kilometer til 7,5 og 12,5 vart nedstemt.

Ord sky bassert på artikkel: 829813
skiflyging - kombinertherrane - vertsnasjon - skiflygingskonkurransen - stadfestar - Fossheim - representant - internasjonale - snowboardforbundets - kalenderkonferanse - Dubrovnik - overraska - resultatet - småting - innført - konsept - individuell - kompakt - avstanden - løparane - langrennet - avgjort - førehand - hopprennet - startar - uansett - løparar - innanfor - tidlegare - kritisk - konseptet - hoppdelen - Forslaget - langrennsdistansen - kilometer - nedstemt -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »