Sport

Liten annonse
    Hushovd om netthetsen mot Uno-X-profilen: – Det finst nett-troll overalt
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (fredag 18. juli 2025 KL:07.50)
    Uno-X-ryttar Tobias Halland Johannessen fekk trugslar i innboksen etter kollisjonen med Tadej Pogacar onsdag. – Hatmeldingar er ubehageleg, men dei har blitt ein del av toppidretten i dag. Når ein driv med toppidrett, må ein vere førebudd på å motta trugslar i sosiale medium, seier Uno-X-sjef Thor Hushovd. Tobias Halland Johannessen delte på X at han hadde fått masse hatmeldingar etter onsdagens 11. etappe i Tour de France. Årsaka var at det norske samanlagthåpet var involvert i velten der sykkelstjerna Pogacar gjekk i asfalten i slutten av etappen. Hushovd meiner at det ikkje burde vere slik, men at ein likevel må vere førebudd. – Det finst nett-troll overalt, seier 47-åringen frå Grimstad og held fram: – Det er ein del av idretten i dag. Det skjer også med ein fotballkeeper som gjer ein tabbe og slepp inn mål, og med dommarar. Slik er livet og sosiale medium. (NTB)

Ord sky bassert på artikkel: 1031222
Hushovd - netthetsen - profilen - overalt - Halland - Johannessen - trugslar - innboksen - kollisjonen - Pogacar - Hatmeldingar - ubehageleg - toppidretten - førebudd - sosiale - hatmeldingar - onsdagens - samanlagthåpet - involvert - sykkelstjerna - asfalten - slutten - etappen - likevel - åringen - Grimstad - fotballkeeper - dommarar -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »