Sport

    Drakta til «Guds hand» på auksjon
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 6, 2022 KL:12:41)
    Diego Maradonas drakt, som han brukte i den ikoniske VM-kampen mot England, skal auksjonerast bort. Det blir ikkje billig. Den avdøde legenda scora to av dei mest minneverdige måla i fotballhistoria i kvartfinalekampen som Argentina vann 2–1 i 1986. Først var han oppe med handa i duell med Englands keeper Peter Shilton. Dommaren trudde han brukte hovudet. – Litt med hovudet til Maradona og litt med Guds hand, svarte Maradona sjølv om målet i etterkant. Deretter dribla den vesle argentinaren av nesten heile England før han sette ballen forbi Shilton. I 2002 blei scoringa hundreårets mål i ei Fifa-kåring. Etter kampen var det Englands Steve Hodge som bytte trøye med Maradona. Dei siste 20 årea har drakta vore på fotballmuseum i Manchester. No har han bestemt at tida er inne for å selje drakta. Auksjonshuset Sotheby`s står for salet. Huset sjølv trur trøya kan gå for omkring 4 millionar pund, omkring 45 millionar kroner. Maradona døydde i november 2020, 60 år gammal.

Ord sky bassert på artikkel: 730759
auksjon - Maradonas - ikoniske - England - auksjonerast - legenda - minneverdige - fotballhistoria - kvartfinalekampen - Argentina - Englands - Shilton - Dommaren - hovudet - etterkant - Deretter - argentinaren - scoringa - hundreårets - fotballmuseum - Manchester - bestemt - Auksjonshuset - Sotheby`s - omkring - millionar - november -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »