Sport

Liten annonse
    Sveits slo Ungarn etter praktmål
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 15. juni 2024 KL:16.54)
    To nydelege nettkjenningar i første omgang og eit mål på overtid sikra sveitsarane 3–1 siger mot Ungarn i EMs andre kamp. 12 minutt ut i kampen spelar Michel Aebischer opp i bakrommet og leverer ein draumepasning til Kwadwo Duah, som i kveld spelte sin andre landskamp for Sveits. Han er iskald og skyt ballen lekkert opp i det venstre hjørnet. Sveitsarane måtte imdlertidig vente før dei kunne sleppe jubelen laus for fult. Målet vart først annullert, men ein VAR-sjekk gjorde om på offsiden. På tampen av første omgang var det mannen som serverte første mål som viste fram meir ballkunst. Frå 20 meter tar Michel Aebischer ein touch i bana før han bøyer ballen elegant ned i lengste ved stolperota. Ungarn meir på hogget etter sidebyte og i det 66 minutt kom reduseringa. Barnavás Varga styrer ballen i mål med pannebrasken. Ungarn heldt fram med å presse, men i sluttminutta opna dette mogelegheit for Sveits, og Breel Embolo med ein utsøkt lobb punkterte kampen tre minutt på overtid.

Ord sky bassert på artikkel: 937044
praktmål - nydelege - nettkjenningar - overtid - sveitsarane - Aebischer - bakrommet - leverer - draumepasning - landskamp - lekkert - venstre - hjørnet - Sveitsarane - imdlertidig - jubelen - annullert - offsiden - serverte - ballkunst - elegant - lengste - stolperota - sidebyte - reduseringa - Barnavás - pannebrasken - sluttminutta - mogelegheit - punkterte -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »