Sport

    Uefa vil ikkje flytte meisterligafinalen
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, February 22, 2022 KL:11:46)
    Uefa blir grundig kritisert i sosiale medium etter fråsegna om at det ikkje ligg føre planar om å flytte meisterligafinale frå St. Petersburg. Bakgrunnen er frykta for ein russisk invasjon i Ukraina. Mange ventar at Det europeiske fotballforbundet (Uefa) som ein konsekvens av Putins tale vil flytte meisterligafinalen ut av Russland. Men så langt er det ikkje nokon planar om dette. Ei rekke nasjonar har fordømt Russlands godkjenning av Donetsk og Luhansk som uavhengige republikkar. Kjelder opplyser til nyheitsbyrået DPA at Uefa skal halde et nytt møte om temaet tysdag, men ei pressemelding frå forbundet gjentar beskjeden frå helga: – Uefa overvaker situasjonen konstant og tett. Per nå er det ingen planar om å endre arena. Den planlagde finalen i St. Petersburg skal spelast 28. mai og er Europas største kamp i sesongen. De siste to årea har Uefa flytta meisterligafinalen på kort varsel på grunn av koronapandemien. Finalen blei spelt i Porto i fjor og i Lisboa året før.

Ord sky bassert på artikkel: 718614
meisterligafinalen - grundig - kritisert - sosiale - fråsegna - Petersburg - Bakgrunnen - russisk - invasjon - Ukraina - europeiske - fotballforbundet - konsekvens - Russland - nasjonar - fordømt - Russlands - godkjenning - Donetsk - Luhansk - uavhengige - republikkar - Kjelder - opplyser - nyheitsbyrået - pressemelding - gjentar - beskjeden - overvaker - situasjonen - konstant - planlagde - spelast - Europas - største - sesongen - koronapandemien - Finalen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »