Sport

Liten annonse
    Vanskeleg for Derby
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (mandag 13. juni 2022 KL:21.46)
    Amerikanske Chris Kirchner har ombestemt seg og vil likevel ikkje kjøpe den engelske League One-klubben Derby County. Han hadde frist til sist fredag med å stadfeste kjøpet. Dermed er framtida usikker for klubben, halvannan månad før seriestart. Kirchner blei tidlegare i år utpeika til "foretrekte kjøpar" av Derby, og derfor har ingen andre lagt inn bod. Derby County var sett under administrasjon i fjor haust, og fekk totalt 21 poeng trekk siste sesong. Det førte til nedrykk frå Championship i vår. Administratorane seier det framleis er fleire interesserte kjøparar, og har sagt til fansen, spelarane og andre tilsette at dei trur dei skal finne ein kjøpar. Men det tek til å haste. Neste sesong startar allereie 30. juli, og terminlista skal vere klar 23. juni. Derby er ein tradisjonsrik klubb som blei ligameister to gonger på 70-talet. Dagens manager er den tidlegare Everton- og Manchester United-stjerna Wayne Rooney.

Ord sky bassert på artikkel: 748007
Vanskeleg - Amerikanske - Kirchner - ombestemt - likevel - engelske - klubben - stadfeste - framtida - usikker - halvannan - seriestart - tidlegare - utpeika - "foretrekte - kjøpar" - administrasjon - nedrykk - Championship - Administratorane - framleis - interesserte - kjøparar - spelarane - tilsette - startar - allereie - terminlista - tradisjonsrik - ligameister - manager - Everton - Manchester - stjerna -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »