Sport

Liten annonse
    Ny nedtur for United – audmjuka på eige gras
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 3. oktober 2023 KL:22.59)
    Galatasaray audmjuka Manchester United på eiga gras og vann 3–2 i kveldens meisterligaoppgjer. To mål frå danske Rasmus Højlund var ikkje det nok til å få Erik ten Hag og United ut av krisa. Raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. Innlegget går frå Casemiro til Marcus Rashford som sender ballen presist til Højlund framfor mål. Gjestane frå Tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. Den tidlegare United-spelaren Wilfried Zaha får eit hjarteleg gjensyn med Old Trafford og utliknar fem minutt seinare. Han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet. Men dette så lenge ut til å bli United sin danske dreng sin store kveld. Først får han eit mål annullert for offside. Minutta seinare kjem han på ei kontring. Iskaldt lempar han ballen over Fernando Muslera i målet til Galatasaray. Som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. Kerem Aktürkoglu utliknar for Galatasaray berre minutta etterpå. Så får gjestane straffe og Casemiro blir sendt i garderoben etter to gule kort. Mauro Icardi bommar på mål. Men han får sin revansj like etterpå. Leverer ein lekker chip frå 15 meter i dette møtet med Onana, og sender Galatasaray-fansen til himmels. Gjestane frå Tyrkia kan reise heim frå Old Trafford med tre poeng.

Ord sky bassert på artikkel: 871091
audmjuka - Galatasaray - Manchester - kveldens - meisterligaoppgjer - Højlund - Raudtrøyene - pangstart - målsniken - heimelaget - leiinga - Innlegget - Casemiro - Rashford - presist - framfor - Gjestane - effektiv - tilbake - tidlegare - spelaren - Wilfried - hjarteleg - gjensyn - Trafford - utliknar - seinare - hendene - heimepublikumet - annullert - offside - Minutta - kontring - Iskaldt - Fernando - Muslera - behalde - Aktürkoglu - minutta - etterpå - gjestane - straffe - garderoben - revansj - Leverer - himmels -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »