Sport

    Sundling vann fellesstarten – Diggins datt i avskjedsrenn
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, March 22, 2026 KL:20:21)
    Det blei dramatikk då kvinnene gjekk 20 km fellesstart i Lake Placid søndag. Jonna Sundling spurta frå feltet i verdscupavslutninga og tok førsteplassen. Linn Svahn gjekk inn til andreplass, medan Heidi Weng tok tredjeplassen i det som blei eit dramatisk renn. For då det var ein halv kilometer att datt Jessie Diggins i ein nedoverbakke. Ho datt då frå pallmoglegheiter i sitt aller siste verdscuprenn i karrieren. – Veldig kjedelig å dette så nære mål, seier Therese Johaug i Viaplays studio og held fram: – Men ein såg det var krevjande føre. Personen sjølv prata ikkje om fallet etter rennet, men var tydeleg rørt då ho prata med Viaplay etter rennet. – Det var fantasisk, så mange i publikum. Eg følte eg gjekk for heile verda, seier Diggins, som vinn verdscupen samanlagt. Også Astrid Øyre Slind opplevde dramatikk midtvegs i rennet. Etter ni kilometer gjekk ho i bakken, og med seg i fallet tok ho med seg Frida Karlsson. Ho klarte å hente seg inn att. Seinare i løpet tok svensken med seg Karoline Grøtting i eit fall. Grøtting hamna til slutt på ein fjerdeplass.

Ord sky bassert på artikkel: 1078773
Sundling - fellesstarten - Diggins - avskjedsrenn - dramatikk - kvinnene - verdscupavslutninga - førsteplassen - andreplass - tredjeplassen - dramatisk - kilometer - nedoverbakke - pallmoglegheiter - verdscuprenn - karrieren - kjedelig - Therese - Viaplays - krevjande - Personen - tydeleg - fantasisk - publikum - verdscupen - samanlagt - opplevde - midtvegs - Karlsson - Seinare - svensken - Karoline - Grøtting - fjerdeplass -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »