Sport

    Skotheim-siger i Frankrike – Rooth nummer ni i comebacket
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, September 19, 2026 KL:21:59)
    Sander Skotheim vann laurdag kveld tikampkonkurransen Decastar i Frankrike med 8630 poeng, som er over VM-kravet. – Det er deileg å kome tilbake igjen til ordentleg konkurranse. Det er fint å sjå ordentleg framgang gjennom sesongen, seier Skotheim til NRK. Etter ein skade i førebuingane har Skotheim gradvis kome tilbake. For ein dryg månad sidan tok han EM-bronse. På sesongens siste store stemne kjenner han at forma endeleg er der. – No sat det ganske mykje betre. Så det er fint å sjå at det er framgang i kroppen etter skaden. Nordmannen leia klart før 1500-meteren som var siste øving. Amerikanaren Hakim McMorris låg 39 poeng bak. Jeff Tesselaar frå Nederland vann 1500 meteren. Skotheim kontrollerte seg inn like bak McMorris som heldt til siger samanlagt på tida 4.27,27 som heldt til 5.-plass på 1500 meteren. Nordmannen var nær ved å setje personleg rekord i stavkonkurransen tidlegare på laurdagen, der han tok seg over lista på 5,31 meter. Fire centimeter unna rekorden frå 2023. Markus Rooth gjorde comeback i tikampkonkurransen i franske Talence i helga etter å ha vore ute med skade i nærare to år. På 1500 meteren vart Rooth nummer 12. Det heldt til ein 9.-plass samanlagt.

Ord sky bassert på artikkel: 1115029
Skotheim - Frankrike - comebacket - laurdag - tikampkonkurransen - Decastar - tilbake - ordentleg - framgang - gjennom - sesongen - førebuingane - gradvis - sesongens - kjenner - endeleg - kroppen - Nordmannen - meteren - Amerikanaren - McMorris - Tesselaar - Nederland - kontrollerte - samanlagt - personleg - stavkonkurransen - tidlegare - laurdagen - centimeter - rekorden - franske - Talence -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »