Sport

    Meisterliga-sluttspel kan bli nesen «mini-NM»
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 19, 2022 KL:06:46)
    Meisterliga-sluttspelet i kvinnehandball ser ut til å bli som eit NM med over 20 norske spelarar i aksjon. Györ (fire norske spelarar), Esbjerg (seks norske jenter i troppen) og tittelforsvarar Vipers Kristiansand er alle klare favorittar i sine kvartfinalar. Desse skal spelast i slutten av april og første veka av mai. CSM Bucuresti (tre nordmenn i stallen) og Brest (to norske i troppen) spelar også kvartfinale. Franske Metz er allereie kvalifisert for Final4-helgen i Budapest i starten av juni. Det blei klart etter at laget slo Borussia Dortmund og så slapp unna kvartfinale på grunn av utestenginga av Rostov Don. Kvartfinalane: CSM Bucuresti – Esbjerg, Brest – Györ og Krim Ljubljana – Vipers. Finalehelgen skal arrangerast i ein nybygd hall i Budapest. Den har plass til over 20.000 tilskodarar.

Ord sky bassert på artikkel: 733731
Meisterliga - sluttspel - sluttspelet - kvinnehandball - spelarar - spelarar) - Esbjerg - troppen) - tittelforsvarar - Kristiansand - favorittar - kvartfinalar - spelast - slutten - Bucuresti - nordmenn - stallen) - kvartfinale - Franske - allereie - kvalifisert - Budapest - starten - Borussia - Dortmund - utestenginga - Kvartfinalane - Ljubljana - Finalehelgen - arrangerast - tilskodarar -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »